Les førehandsomtalar her, og referat lengst nede på sida. Klikk på første bildet i galleriet for å sjå større versjon, gå til neste bilde med høgrepil.
Medlemmar går gratis på konsertane, andre betaler 150 kroner.
Det er open kiosk (kaffi, kaker, is, brus, vatn) ein time før og etter konserten.
Følg oss også på Facebook.
Sponsorar for GULLHAUGKONSERTANE i 2025:
SPAREBANKEN NORGE
TYSNES SPAREBANK
KVINNHERAD KOMMUNE
Etter konserten var det berre nissane som sat att.
FØRJULSKONSERT VED NATURSCENEN 30. NOVEMBER
Regnet auste ned gjennom heile natta og føremiddagen, noko som gjorde at folk flest stakk ikkje eingong nasen utom døra denne dagen. Men ein time før konserten, letta det opp, og sjølvaste sola fann det for godt å visa nokre glimt av seg sjølv. Så rundt 80 personar møtte likevel fram, det lågaste talet for førjulskonsertane våre så langt.
Før konserten spela nissen på nissefjøla si i det vesle nissehuset sitt. Og i salsbodene var det gløgg, kakao, kaker og lynlodd å kosa seg med.
Det som publikum kommenterte spesielt etter konserten, var kor rasande flinke Huldrene var blitt sidan i fjor. Torvald dirigent forklarte det med at dei var blitt eit år eldre, pluss at dei hadde øvd godt. Desse små, og nokre litt større, songarane, viste ekte songglede, og dei song av full hals.
Halsnøy Shantykor var på plass som vanleg. Dei er også blitt eit år eldre sidan i fjor, men sjølv om dei er veldig høgt oppe i åra frå flr, slik at det har blitt litt fråfall etter kvart, er songgleda det vesentlege hos desse også. Og den har ikkje avtatt i det heile.
I fjor var det kunngjort at me skulle ha noko på lur. Det viste seg å vera ei stor hulder oppe i skogkanten, og ho spela på lur. I år vart det gjentatt at det skulle vera noko på lur, men noko anna denne gongen.
Det viste seg å vera eit flunkande nytt orgel, som leiaren Torvald Gjerde stolt kunne visa fram. Det er innkjøpt av Gullhaugkonsertane, ved hjelp av ein ekstern sponsor. Du må nok venta til våren for å få vita kven som er sponsor.
Arne, som eigentleg slutta å spela for eit år sidan, måtte òg prøva seg med eit nummer på det nye orgelet.
Konserten starta forresten med at Torvald spela Toccata i d-moll av Johann Sebastian Bach. Eit mektig verk, som høvde spesielt godt her ute i den like mektige skogen.
Heilt til slutt trødde Madelen Busch Gjærde til som solist, med si nydelege stemme, og med Torvald som akkompagnatør på piano.
Publikum koste seg verkeleg, og dei vandra tilsynelatane lukkelege heimover i skumringa, gjennom den opplyste og svært stemningsfulle "julegata" i Naturstien.
30.11.2025
PS. Dei som ikkje var på konserten, kan få oppleva nokolunde same konserten i Eid kyrkje laurdag 13. desember klokka 1600.
Nissen i full sving, og full mundur. Foto Hildegunn Ruud.
Scenen er klar, men berre smånissane er på plass så langt. Og det flunkande nye flotte orgelet!
Folket finn plassane sine, og Shantykoret har funne sine, framfor ei av salsbuene. Foto Hildegunn Ruud.
Huldrene er flotte å både sjå og høyra på. Foto Fabian Ruud.
Gjestene lyttar andektig til tonane frå Shantykoret, og Torvald på trekkspelet. Foto Fabian Ruud.
Shantykoret på litt nærmare hald.
Madelen Busch Gjærde syng så flott, med Torvald ved pianoet.
Torvald avsluttar konserten med eit nydeleg orgelstykke.
REFERAT KONSERT NR 5 - SØNDAG 17. AUGUST - SHANTYKORET OG KAMMERKORET
Det er tydeleg at lokale musikkrefter er populære på konsertane våre, for 170 trivelege sjeler møtte opp på denne sommarens siste konsert.
Det var mykje skryt å høyra, og Kvinnheringen følgde opp med ein flott og fengjande reportasje, både på nettavisa og i papiravisa. Førstnemnde kan du lesa her (betalingsmur). Det er alltid kjekt når avisene stiller opp.
Kora song variert musikk frå ulike land, dels kvar for seg, og dels saman. Mellom anna song dei songar etter Mikis Theodorakis frå Hellas, med Egil Vaage på bouzuki, tradisjonsinstrumentet som gjennomsyrer denne musikken.
Halsnøy Shantykor er eit tidlegare mannskor som blei lagt ned for over ein mannsalder sidan. Det blei vekt til live att for to år sidan for å syngja ved opninga av sjøfartsmuséet i Høylandsbygd. Den songglade gjengen har så halde fram med å syngja. Songane varierer frå sjømannsviser til nasjonalsongar med trekkspel til.
Halsnøy Kammerkor er ei lita songgruppe som starta opp for eitt og eit halvt år sidan. Dei øver heime hjå dirigenten, som òg syng med. Koret syng firstemt, mykje a capella, men òg med instrument til.
Torvald Gjerde er frå Fatland, og han er dirigent for begge desse kora. Han tok musikklærarutdanning i Trondheim og kantoreksamen på Island, der han har vore organist og musikklærar nær 30 år.
19.08.2025
REFERAT KONSERT NR 4 - SØNDAG 10. AUGUST - TIRIL OG MARTIN
Over 80 personar møtte fram for å høyra Tiril Einarsdotter Malmsten, saman med Martin Steinum Brun. Det er me skikkeleg nøgde med, sidan "alle veit" at mange ikkje er fan av folkemusikk, og lyre er dessutan eit instrument berre dei innvigde kjenner til.
Men kanskje var det nett dette instrumentet som fanga interesse? Og så veit me at det er mange hardingfele-entusiastar rundt, spesielt her i området innover Hardangerfjorden. Iallfall var det mange av gjestene denne kvelden som let skikkeleg vel over kor kjekt dette var.
Musikarane er profesjonelle begge to. Og det var ikkje vanskeleg å høyra, sjølv for dei som ikkje har folkemusikk øvst på lista si.
Vêret var litt småtruande, med mørke skyer og ørlite duskregn i starten. Men mot slutten titta sola litt fram, og då var det berre latter og glede. Publikum koste seg også med kakene og kaffien, som Vibeke og Anna i kiosken heldt styr på.
Musikken denne gongen var både gammal og ny. Med song, hardingfele og lyre utforskar vi moglegheitene som oppstår i spennet mellom tradisjonelle instrument og nyskrivne tekstar og melodiar, sa dei i førehandsomtalen.
Tiril kjem frå musikkfamile på Stord. Mora er songlærar og kordirigent i Kvinnherad. Tiril har samarbeidd med fleire ulike musikarar, mykje innan folkemusikk. Ho er nyutdanna frå Norges musikkhøgskole i vår og spelar både fele og hardingfele.
Martin er songar og tradisjonsberar og nyttar både kraviklyre og bygdeharpe. Under Folkelarmprisen 2024 blei han kåra til Årets unge folkemusikar, og han har mellom anna samarbeidd med Det Norske solistkor og KORK. Han har utdanning i klassisk og folkemusikk frå Griegakademiet i Bergen og Norges musikkhøgskole.
11.08.2025
REFERAT KONSERT NR 3 - SØNDAG 3. AUGUST - ÁSTA OG DANIEL
- For ein stemning! For nokre fenomenale musikarar! For ei oppleving!
Det var om lag slik ei overbegeistra Ledis Halvorsen Eide uttrykte seg etter denne trekkspelkonserten. På spørsmål om me kunne sitera henne på dette, brukte ho mindre enn eitt sekund på å svara ja.
Også ei rask utspørjing blant resten av publikum gav tilsvarande reaksjonar. Alle var bergtatte av den flotte og fengjande musikken, som spente over eit stort spekter. Ingebjørg sa at det rykte veldig i dansefoten kvar gong det kom ein vals, som altså er hennar favoritt.
Desse to sambuande musikarane (i dag på Lillehammer) kunne verkeleg handtera instrumenta sine. Nokre av nummera framførte dei solo, men også mange nydelege duettar fekk me høyra.
Vêrmeldinga var illevarslande, for Gullhaug låg midt i mellom den nokolunde rolege kysten, og det ausande indre fjordområdet, noko som kunne slå begge vegar her. Men det var vindstille, og regnet heldt seg borte, heilt til slutten av konserten, då det kom litt lett duskregn.
At rundt 70 fann vegen til Gullhaug, må me derfor vera godt nøgde med. Dei kom hit fordi dei hadde forventningar, som blei innfridde i fullt mon. Publikum fekk gleda av å nyta gammaldans og klassiske perler, så vel som islandsk tango og norsk folkemusikk.
Ásta Soffía Þorgeirsdóttir lærte å spela trekkspel heime på Nord-Island, tok vidare utdanning først på kunsthøgskulen i Reykjavik, deretter på Norges musikkhøgskole, og til slutt master i Freiburg i Tyskland. Ho har budd dei siste åra mest i Noreg og har opptredd mykje både her i landet og på Island. Ho er ein av dei fremste trekkspelarane der.
Daniel Græsdal er frå Skodje på Møre. Han lærte først hjå Håvard Svendsrud (2007), som forresten heldt den første konserten me hadde her på Gullhaug, for to år sidan. Daniel har utdanninga si elles frå NTNU Institutt for musikk, der han gjekk i lære hos Øyvind Farmen (2014).
04.08.2025
REFERAT KONSERT NR 2 - SØNDAG 27. JULI - LÁRA OG HEKLA
- Magisk!!!
Dette eine ordet brast ut av ein ungdom som kom innom Gullhaug rett før konserten var slutt. Han fekk med seg Hekla sin trompetsolo frå bergskrenten, pluss ei flaske Solo frå kiosken. Utbrotet hans var nok mynta på kombinasjonen av den briljante framføringa frå 14-åringen Hekla, kombinert med omgivnadene, og det flotte solskinet.
Det var mange som skrytte av alt dei såg og høyrde, og utpå kvelden blei me fortalt at ein framståande uskedeling på Facebook-sida si hadde gitt konserten terningkast seks! Betre kan det vel ikkje bli.
Dei to islendingane, mor og dotter, gjorde eit uutsletteleg inntrykk. Dei nydelege framføringane deira, dels som orgelsolo, dels i samspel, og med ein fenomenal trompetsolo som avslutning, var alle av høg klasse. Førehandsomtalen var ikkje overdriven i det heile, det var det mange av dei rundt 100 frammøtte som slo fast.
Lára Bryndís Eggertsdóttir har kantor- og songutdanning frå Island og master frå Musikkhøgskulen i Århus i kyrkjemusikk. Ho var nokre år organist og cembalist i Danmark før ho flytte heim att til Island. Der er ho no organist i Grafarvogskirkja i Reykjavik. Ho har halde konsertar både i Sverige, Danmark og i heimlandet, der ho er mellom dei heilt fremste i faget.
Hekla Sigríður Ágústsdóttir er dotter til Lára. Ho har lært på trompet frå ho var fem år. Ho spelar fleire instrument, og fekk visa det imponerte publikummet at ho har ei stor framtid som musikar.
28.07.2025
REFERAT KONSERT NR 1 - SØNDAG 13. JULI - SANDVIKJO BAD & BANJO
Det var ein sveittande varm dag, og av erfaring så veit me at ein del folk då held seg heime. Om dei har aldri så mykje lyst til å gå på konsert, så kjem dei ikkje og set seg midt i solsteiken i ein heil time. Likevel var det nesten 150 frammøtte tilhøyrarar, noko bandet sjølv var kjempenøgde med.
Folket storkosa seg i det flotte vêret, i denne intime konsertarenaen vår, som dei ikkje kunne få fullrost. Og musikken? Den var nærmast i verdsklasse, fekk me inntrykk av. Veldig mykjje skryt frå folk som sat att etterpå, for å kosa seg med kake og is.
Dette var premierekonserten for Sandvikjo Bad & Banjo, og responsen frå publikum krev vel at dei held fram som dei stemner.
På Facebook-sida vår finn du ein liten filmsnutt frå konserten.
Om bandet, så stod dette i førehandsomtalen:
Opphaveleg «husband» av lærarar ved Sunnhordland Folkehøgskule.
Gjermund Fredheim er utdanna klassisk gitarist frå Griegakademiet, men mest kjend frå svartmetall-bandet Taake.
Alejandro Gomez Villanueva er utdanna i Spania, dirigerer korps og jobbar med musikkproduksjon.
Silje Dyrseth Eide har dansebakgrunn, og syng så fint at englane græt. Ho står også for mykje av låtutvalet.
Eli Hårklau er musikkvitar og teaterlærar og syng folkemusikk og jazz i tillegg til det som bandet gjer.
På konserten vil ein få høyra sommarleg og luftig pop og country, med deilige harmoniar og god stemning, mellom anna Bon Iver og Odd Nordstoga.
14.07.2025
FLOTT PÅSKEKONSERT
På skjærtorsdag 17.04.2025 hadde GULLHAUGKONSERTANE den årlege påskekonserten sin, ved NATURSCENEN. I vinterhalvåret er dette lunaste plassen i FATLANDSKOGEN, utan at det betydde all verda denne gongen. For vêret var strålande, og det krydde av folk i heile skogen.
Rundt 200 av dei samla seg nett her, under sjølve konserten, og det må vel vera veldig bra. Solveig Gravdal tok nokre bilde av dei som opptredde, du ser bilda nedanfor.
11.05.2025
Huldrene
Kammerkoret
Huldrene saman med Kammerkoret
Huldrene saman med Kammerkoret