Det frivillige laget GULLHAUGKONSERTANE vart skipa våren 2023, med føremål å arrangera konsertar på og ved GULLHAUG på Fatland på Halsnøy. Nedanfor står aktuelt stoff om sesongen. Lengst nede finn du info om innmelding i laget. Medlemmar går gratis inn på alle laget sine konsertar. Laget er også aktive på Facebook.
Følg med på denne sida for eventuelle endringar i programmet.
FINANSIERING
Sponsorar for 2026 er desse:
FJELBERG KRAFTLAG STIFTINGA
KVINNHERADSTIFTINGA
SPAREBANKEN NORGE
Me takkar på det varmaste for all støtte! Desse pengane, saman med billettinntekter og medlemskontingent, set oss i stand til å skaffa gode musikarar, funksjonelt lydutstyr og anna nødvendig utstyr, betre plass, mm.
Om du kan, så hjelper du oss kanskje med å skaffa sponsorar? Og meld deg inn som medlem. Gi også gjerne eit medlemsskap til nokon som fortener det.
OM GULLHAUGKONSERTANE
GULLHAUGKONSERTANE er ein medlemsorganisasjon, skipa våren 2023, som er registrert i Frivillighetsregisteret, med organisasjonsnummer 931 510 223.
Føremålet med laget er å arrangera konsertar for medlemmane, på og ved GULLHAUG på Fatland, på Halsnøy, i Kvinnherad kommune. Informasjon om laget og konsertane finn du på denne nettsida, og på laget sin Facebook-konto.
Medlemmane går gratis inn på konsertane. Alle kan bli medlemmar i laget ved å betala årskontingent på 600 kroner til bankkonto 3525 26 09022, eller til Vipps 81 98 76. Også ikkje-medlemmar er velkomne på konsert, men dei må betala inngangsbillett. For 2026 er den 200 kroner for vaksne, 50 kroner for ungdom 10-16 år, og gratis for born under 10 år.
Laget er registrert som Grasrotmottakar hos Norsk Tipping. Dermed kan du støtta laget litt ekstra ved å gå inn på www.norsk-tipping.no og velja GULLHAUGKONSERTANE som din grasrotmottakar.
GULLHAUGKONSERTANE vil gjerne ha bedrifter inn som faste sponsorar.Styret i laget for 2026 er Torvald Gjerde (leiar), Viggo Agdestein og Øyvind Særsten, med Ingebjørg Særsten som vara. Torvald har epost torvaldgj@gmail.com og telefonnummer 99 19 14 87.
Det er i desember 2024 inngått ny skriftleg samarbeidsavtale med grunneigar, der laget betaler leige for bruken av området. Avtalen gir laget rett til å arrangera konsertar og andre liknande arrangement, og rett til å driva salg av kioskvarer mm i samband med desse arrangementa. Alle inntekter tilfell laget.
Sommaren 2026 har me bygt ny tribune, med plass til 140 stolar under tak. Me har planar for utvikling av Konsertområdet vidare framover.
14.07.2026
Ansvarleg for nettsida er Arne Gjerde. Bilde og tekst er hans verk, med mindre anna er angitt spesielt. Det er lov å bruka teksten og bilda i andre positive samanhengar, men berre dersom ein refererer til nettsida og/eller opphavsmannen. Epost arne.gjerde@outlook.com.