KONSEPTET VÅRT
Dette er konseptet som me gjerne vil komma i mål med ein vakker dag:
GULLHAUG er eit hageområde på rundt 8 dekar, med høgt gjerde rundt, mest for å halda hjorten ute. Hagen er ei ramme som skal gjera det triveleg og innbydande å komma hit. Les meir ...
GULLHAUG er ein framifrå arena for friluftskonsertar, med inntil 250 tilhøyrarar (140 av desse under tak). Sommaren 2022 hadde me to konsertar, sommaren 2023 fem konsertar, det same i 2024, med publikum som var godt nøgde. Les meir ...
GULLHAUG skal me ha eigen gardsbutikk, der me sel produkt som er laga på garden, eller av andre i lokalmiljøet. Gardsbutikken vil alltid vera open når det skjer noko på GULLHAUG, og når hagen elles måtte vera open for publikum. Les meir ...​​​​​​​
Om sommaren skal me ha hagerestaurant, med faste opningstider. Det blir servert lokale rettar, der mange av råvarene er dyrka på GULLHAUG eller andre stader i lokalområdet. Ureist, kortreist og til ein viss grad økologisk. Les meir ...
GULLHAUG er òg eit utandørs selskapslokale, der ein kan feira gullbryllaup (!), bryllaup, fødselsdagar, dåp, jubileum, russejubileum (som på bildet), og andre arrangement med inntil ca 80 gjester under tak. Les meir ...
GULLHAUG har eige kapell, med digitalt piano, keyboard, trekkspel eller orgel, etter behov. Kapellet kan vera basis for bryllaup, gullbryllaup, dåp, konsertar, og mykje anna. Les meir ...
Og sist, men ikkje minst, er GULLHAUG eit fantastisk mål for turgrupper som kjem med buss. Kanskje 3-4-timars stans på turen, der du får med seg NATURSTIEN og GULLHAUG, inkludert matservering, underhaldning, og dessutan litt sjølvaktivisering, som det er opplegg for. Full pakke, med andre ord. Les meir ...
Det er fleire arenaer på GULLHAUG, som kan brukast til ulike føremål. Kombiner gjerne eit opplegg som passar for nett din anledning. Les meir ...

Frå terrassen på GULLHAUG har du 360-graders view, eller kanskje heller 360-graders wow, med utsikt over halve Sunnhordland. Skriv gjerne i gjesteboka som ligg her. August 2022. Foto: Vibeke Teigen.

LITT MEIR INFO OM GULLHAUG
Vil du vita meir om korfor  GULLHAUG ikkje er ferdig enno? Om problem med byråkratiet? Om nye forsøk? Om korleis alder og helse også spelar inn?
Eller oppfordring om å komma opp hit og sjå deg om. Og kva reglar som gjeld for publikum. Dessutan om korleis du og vennene dine kan møtast her for å ha eit kjekt måltid i lag, og kva det kostar.
 GULLHAUG er forresten eit turmål i Fjelltoppjakten.
Kven har vore bidragsytarar til  GULLHAUG?
Om Gullhaugmedaljen, og kven som har fått denne?
Og om Anna og Arne som Årets namn 2024?
Om kiosken på toppterrassen, og at me kan opna den for deg?
Finst det forresten gull på GULLHAUG?
Klikk på knappen nedanfor for å lesa som alt dette.
10.08.2025
Tilbake til toppen