På denne sida kan du sjå kva som skjer i nær framtid, og litt om det som har skjedd i det siste. Kva me generelt kan tilby deg på GULLHAUG, finn du meir om under menypunktet Om Gullhaug ovanfor.
Framsidebildet i dag: På Kristi Himmelfartsdag var det ikkje berre friluftsgudsteneste på Gullhaug, men også barnedåp. Her er siste delen av dåpsfølgjet på veg inn i kapellet.
Foto: Tom Duncan
Foto: Tom Duncan
FRILUFTSGUDSTENESTA VAR EI FLOTT OPPLEVING
På Kristi himmelfartsdag, den 14. mai, var det som alltid friluftsgudsteneste på Gullhaug, denne gongen ved prest Øyvind Heggland og trekkspelorganist Torvald Gjerde. I tillegg bidrog Shantykoret med flott song.
Det som likevel var mest spesielt, og ikkje minst kjempefascinerande i dei flotte omgivnadene, var dåpsseremonien. Det er ikkje vanleg at dåpshandlingane føregår utanfor vigsla lokale, men dette var faktisk den andre dåpen me har på Gullhaug denne våren. Tradisjon dette også, får me tru, frå nå av.
Kva skal barnet heita? Det er alltid eit interessant spørsmål som bruker å dukka opp under ein dåp. At namnet denne gongen høyrest islandsk ut, er ikkje å undrast over, sidan familien kjem frå Island og har slått seg ned her i Kvinnherad. 
Namnet, som foreldra har godkjent at me publiserer, er Maríel Emilía Tryggvadóttir Gjerde. Siste etternamnet tolkar du sikkert som at ein av foreldra har ein viss bakgrunn frå Fatland, noko som er heilt rett.
Dei rundt 70 frammøtte tykte veldig vel om denne nye varianten av friluftsgudstenesta. Av bildeserien kan du sjå at det var både høgtideleg og stemningsfullt, med sol, vårsprett, nyplanta blomar, kombinert med massevis av norske flagg. Ikkje minst gjorde fuglesongen i bakgrunnen det endå meir romantisk, for dei som er unge nok til å høyra slikt.
Etterpå var det kyrkjekaffi. Og mens regnet heldt seg borte, gjorde dei fleste av kyrkjefolket det motsette. Dei blei heller verande att, for å eta kake og drikka kaffi. Og kosa seg, med hyggeleg prat. Om dåp og fuglesong og mykje anna.
18.05.2026
Foto: Det nedste bildet har me fått frå Tom Duncan, onkel til dåpsbarnet. 
Tips: Klikk på det første bildet for å forstørra det. Bruk så høgre piltast for å flytta til neste bilde.
STORMANDE SUKSESS FOR PÅSKEKONSERTEN
Årets konsert ved Naturscenen må seiast å vera over alle forventning for oss arrangørane, med rundt 220 frammøtte. I tillegg var det mange hundre rundt om i skogen i det nydelege vêret.
Referat og bilde finn du her.
03.04.2026
SALET AV FATLANDSKOGEN ER UNDER UTVIKLING
Mange lurer på kva som skjer med eigedommen vår for tida, om det er interesserte kjøparar, og om kva som skal skje utover i 2026.  Klikk her for å sjå salsannonse.
Det me kan seia per i dag er at det er store endringar på gang, men at me treng nokre avklaringar med kommunen før me kan setja i verk den løysinga me har funne. Og den løysinga er god, sett frå vår side.
Både i skogen og på GULLHAUG vil det uansett komma til å skje noko framover. Men kva, og korleis, må me komma tilbake til.
11.03.2026
STORMEN KOM - PAVILJONGANE FÓR
Det er eit sørgjeleg syn, ikkje sant? Stormen var meldt, med orkan i kasta, og vindretningen var ugunstig for oss. Derfor sikra me alt med stropper. Men lengst mot venstre, der me trudde at vinden ikkje stod på, der var det definitivt for dårleg sikra.
Godt at det er lenge til neste Gullhaugkonsert!
Me skal jo ha opp ny permanent tribune på denne betongplata før den tid, så slik sett er ikkje dette katastrofe. Men me hadde jo planlagt å bruka desse paviljongane til andre ting vidare framover. 
Dei lar seg nok reparera. Men nummer to frå venstre ser i grunnen ganske håplaus ut.
05.10.2025
NY TRIBUNE ER PÅ GANG
I desse dagar lagar me ny tribune framfor scenen. Den får plass til 140 gjester under tak, pluss like mange ute. Det blir eit fast bygg, som erstattar dei flyttbare paviljongane til venstre, som her er vende mot kapellet. 
Det er ferietider, så me er usikre på arbeidstempoet. Men planen vår er å få iallfall noko av dette klart til første sommarkonserten, og resten før den andre konserten.
05.07.2025
KOSELEG FRILUFTSGUDSTENESTE PÅ KRISTI HIMMELFARTSDAG
Det truga med regn, men likevel var det rundt 25 personar som møtte. Og regnet heldt seg unna, så ein kunne vera ute, i den såkalla Solkroken, der det er ein prangande talarstol. Grillkyrkjekaffien var oppe på terrassen etterpå.
Prest var Carsten Mrusek, organist på trekkspel var Torvald Gjerde, og tekstlesar var Grethe Svalland.
2025 mai
TO NYE GULLHAUGMEDALJER ER UTDELTE
Fatland Vel arrangerte 06.04.2025 det første offisielle Strondaløpet, som du kan lesa meir om her.
Etter premieutdelinga nytta Arne høvet til å dela ut Gullhaugmedaljen til to nye personar, som på kvar sin måte har vore gode representantar for FATLANDSKOGEN si ånd, slik kriteriet er.
Den eine var Kjell Rune Asmervik, for sin fleireårige utrettelege innsats med turstiane i heile området, og arbeidet elles som leiar for Fatland Vel. Ikkje minst gjeld det også nærområdet, med ballbingen og fellesområdet som dei sentrale områda.
Ikkje mindre fortent var det at Marte Simonsen Reigstad fekk den andre medaljen. Utan nokon som helst konkurranse, er ho den som bruker FATLANDSKOGEN mest. Uansett vêr kan du treffa henne ein eller annan stad i skogen.
Eit fleirfaldig hurra for desse fantastiske Fatland-ambassadørane!
I fjor fekk Olaf Gjedrem medaljen for sin innsats landet over for kystskogbruket, og for jordvern generelt. Til i dag er det altså desse tre som har fått medaljen.
07.05.2025
Til toppen