GRILLPLASSEN
Grillplassen i framgrunnen er her under opparbeiding, men er sett litt på vent fram til 2025. Her vil det vera grill, og råd å dekka opp til 40-50 personar. Ikkje tak over førebels. 
Eit festivaltoalett er plassert ved sida av GRILLPLASSEN
Bak buskane til venstre, midt i bildet, ligg SOLKROKEN, og på toppen ligg TERRASSEN. Sjå omtale av desse nedanfor.
22.07.2024
SOLKROKEN
Har sitjeplass til 50 personar. Er utstyrt med talarstol, dessutan mini-scene for intimkonsertar. Demonterbart tak kan setjast over sitjeplassane ved behov.
Bilda er frå friluftsgudstenesta 18. mai 2023.
27.06.2023

Foto: Vibeke Teigen.

TERRASSEN
På toppen av GULLHAUG ligg denne terrassen med fantastisk utsikt over halve Sunnhordland. Bordoppdekning for inntil 40 personar. Ikkje tak over. Salsbod med diverse utstyr for å handtera og servera mat og drikke.
I ein kvit kasse ligg det ei gjestebok. Der kan du skriva litt om opplevingane dine i FATLANDSKOGEN.
19.03.2024
KAPELLET
Dette vesle kapellet har 8-10 sitjeplassar inne, men sidan ein del av veggen kan skuvast til side, kan kapellet fungera som scene, mens gjestene sit ute. Plass til inntil 100 personar ute, på individuelle stolar. Dei fleste stolane kan stå i paviljongar med tak over.
Sjå meir under punktet KAPELLET i menyen øvst, ikkje minst om bryllaup, gullbryllaup og den type arrangement.
22.07.2024

Kapellet brukt som scene. Foto: Vibeke Teigen.

KAPELLPLASSEN - MED SCENE OG PAVILJONGAR
Plassen mellom kapellet og det kvitvaska fjellet er ein arena for seg sjølv, fordi det i tillegg til kapellet er ein scene, pluss flyttbare paviljongar der gjestene kan sitja under tak. 
Ein har altså valget mellom scenen eller kapellet for dei som opptrer, avhengig mellom anna av vêr og vind. Det er ofte lunare inn mot fjellet der scenen står.
Bildet viser status i dag, der taket er uferdig både på scene og paviljongar. Takduken er tett mot regn, men det skal komma tretak oppå.
Slik paviljongane er sette opp her, i konsertmodus, er det plass til 100 gjester, med 12 stolar i kva paviljong.
I selskapsmodus er det plass til 8 personar til bords i kvar paviljong, altså totalt 64 personar. 
Inntil berget til venstre er det planlagt komplett utekjøken, men kommunen sparkar bein under dette foreløpig.
Denne arenaen eignar seg fantastisk godt til dei fleste typar arrangement. Bryllaup, gullbryllaup, dåp, minnestunder, kan ta i bruk kapellet først. Deretter matservering i paviljongane, pluss eventuelle opptredenar på scenen.
Konsertar, jubileum, fødselsdagar, spin-off-arrangement, blåturar, mm bruker gjerne ikkje kapellet, men resten av anlegget er perfekt. Og med blomsterhagen og utsiktsterrassen som ramme, kan det vel ikkje bli stort betre?
22.07.2024
NATURSCENEN
Denne arenaen ligg eigenteg utanfor GULLHAUG, i NATURSTIEN, men berre 600 meter unna. Den har scene med tak, og 100 sitjeplassar utan tak. Pluss ein del ståplassar.
Arenaen eignar seg godt for konsertar og andre arrangement når det er kald vind, fordi her er det ganske lunt, på grunn av terrenget og skogen på alle kantar.
Bilda viser opningskonserten 4. desember 2022.
10.07.2023
Foto: Hildegunn Ruud.
Foto: Hildegunn Ruud.
Foto: Fabian Ruud.
Foto: Fabian Ruud.
Foto: Sunniva Lind T. Gjerde.
Foto: Sunniva Lind T. Gjerde.
Foto: Sunniva Lind T. Gjerde.
Foto: Sunniva Lind T. Gjerde.
Til toppen