Å avslutta samlinga på GULLHAUG med grillmat rundt fint pynta åttemannsbord, er heilt topp. Bildet er frå russetreffet, som du kan sjå mykje meir om i albumet. Foto: Atle Helland.
KVA ER EIN GRUPPETUR?
I utgangspunktet er det snakk om ein tur der ei gruppe kjem med buss og besøker oss. Det kan sjølvsagt òg vera aktuelt at ein kjem med privatbilar, men buss er generelt mykje meir eigna når det er snakk om eit fast miljø som reiser saman. Og ikkje minst, når eit mindre fast miljø skal gjera seg meir kjende med kvarandre.
Buss ordnar du kanskje sjølv, eller me kan ordna det for deg. I det heile så blir det ein avtale mellom deg og oss om kva du vil at me skal levera til gruppa di.
Opplegget vårt er glimrande for pensjonistlag, kor, og andre faste grupper. Like godt passar det for firma som vil ha blåtur, jubileumsfest, sommarleg variant av julebord, påskjønning til dei tilsette etter fjorårsresultatet, spin-off-arrangement, you name it.
Men sjå ikkje bort frå at dette er perfekt også for mimrande russekull, klassekull, ungdomslag, foreiningar av ymse slag.
Gullbryllaup, bryllaup, dåp, minnestunder, femtiårsdagar, og andre familiefeiringar høver ekstra godt i eit slikt hagemiljø. Gløymde me forresten å nemna slektstreff og søskenbarntreff? Lista kan gjerast uendeleg lang.
Området mellom Bergen og Egersund er nok det meste aktuelle for oss å retta seg mot. Men me tar sjølvsagt mot gjester frå andre kantar av landet òg.
Kva er det så du kan få oppleva hos oss?
For å gjera det enkelt for deg å finna ut dette, kan du ta ein titt på dette albumet, og bli inspirert. Arne var russ på Bryne i 1967, og i år inviterte han alle til å komma til FATLANDSKOGEN og GULLHAUG i august. Dette var eit omfattande opplegg, der også utarbeiding av albumet var med.
Men før sesongen vil me laga forskjellige opplegg, store og små, der du kan velja eit som passar for gruppa di, og for den enkelte si lommebok. Ei turgruppe kan vera hos oss i tre-fire timar, med eitt måltid. Eller i 6-8 timar, med to måltid.
Treng du overnatting på turen, så har me eit godt samarbeid med Husnes Sentrum Hotell, berre 20 minutt køyring unna.
Me kjem tilbake med meir info på denne sida, når me har fått meir kjøt på beinet.
07.11.2024
ENKELT OPPLEGG I STARTEN
Me har ikkje alle ting på plass endå, derfor har me eit forenkla opplegg våren 2025. Så håpar me at eit komplett opplegg kjem på plass ganske snart.
Det enkle opplegget går ut på at du avtalar med oss og får lov til å komma med gruppa di. Skal de eta nista dykkar ved DET LANGE BORDET eller på GULLHAUG, betaler de minimum 500 kroner til oss. Dette er for bruk av anlegget, bålpanner med ved, boss, etc.
I tillegg kan de få guide inntil to timar for 1000 kroner.
Så kan de få ein minikonsert på inntil ein halv time, også den for 1000 kroner. Den blir normalt på NATURSCENEN eller på GULLHAUG. Torvald Gjerde er organist med kantoreksamen, dessutan pianist. Arne Gjerde er eit alternativ på keyboard.
Andre kunstnarlege innslag kan ordnast, etter avtalt pris.
Mat kan me servera enkelt frå kiosken på GULLHAUG. Standard her er pølser, vaflar, kaker, is, brus og kaffi. Pris etter prisliste ved kiosken.
Me kan òg servera lunsj eller middag, på fint oppdekka bord. Pris etter nærmare avtale, men kalkuler gjerne inntil 300 kroner for lunsj, eller inntil 500 for middag.
For avtale, snakk med Arne (938 17 200) eller Anna (99 24 25 36).
31.01.2025

Serviettane våre ved lunsj eller middag på GULLHAUG. Du ser haugen av gull, med massevis av blomar.

Kaker som er servert etter middagen på GULLHAUG.