GULLHAUG ER FRAMLEIS UNDER ARBEID
På grunn av eit vanskeleg byråkrati gav me, på sjølvaste nyttårsaftan 31.12.2022, opp arbeidet med å få prosjektet GULLHAUG ferdig. Me hadde kjempa så lenge, utan å møta kommunal entusiasme, at me grunneigarane, Anna og Arne, orka ikkje meir.
Men mange har bede oss prøva på nytt, så me gjer eit siste forsøk nå i 2025. Kanskje kan me få heile konseptet opp og gå til sommaren 2026? For det vil vera altfor gale om alle pengane og timane skulle vera heilt til fånyttes, og at det området som er opparbeidd berre får gro til att.
Følg gjerne med her på nettsida og sjå kva det endar opp med. Klikk her om du vil sjå ein modell av korleis me tenkjer at det skal sjå ut.
Innhaldet på denne heimesida baserer seg elles på det prosjektet me hadde planlagt, og som me altså framleis håpar kan bli ein realitet. 
Alder og helsesituasjon gjer at me nå ser oss om etter nokon som kan overta eigedommen og føra arbeidet vidare. Dei må sjølvsagt kunna tilpassa prosjektet til eigne idear, men me vil gjerne at dei også blir litt inspirerte av det me har gjort så langt. Det hadde vore kjekt. Les meir om dette ...
Bladet Grenda har på slutten av kvart år ei kåring der folket bestemmer kven som er Årets namn i Kvinnherad. For 2024 blei det faktisk oss, Anna og Arne, på grunn av arbeidet vårt med FATLANDSKOGEN. Les reportasjen i Grenda her (betalingsmur).
Dette viser at folket står ved sida vår, noko som gir oss eit visst håp om at dette kan me kanskje få til likevel. Kommunen må vel då sjå at det er lurt å spela på lag med folket sitt.
07.08.2025

Anna og Arne dreg på åra. Her i midten av julestjerna på topen av Gullhaug, med Såto i bakgrunnen. Foto: Vibeke Teigen.

Desse to fargerike fuglane, som er ei gåve frå tusenkunstnar Kjell Musland, møter deg allereie i porten.

KOM GJERNE OPP OG SJÅ - REGLAR FOR PUBLIKUM
Når det ikkje skjer noko spesielt her, er det normalt fritt fram for alle enkeltpersonar og familiar å gå opp til GULLHAUG, heilt gratis, for å sjå på utsikta, og for å eta nista si. Og ikkje minst for å sjå om det skulle skje noko her oppe. Iallfall inntil vidare er det slik. Skriv gjerne nokre ord i gjesteboka.
Større grupper (over 10 personar) må ha løyve dersom dei vil slå seg til her, altså utover det å komma oppom for å sjå på utsikta. Du må då rekna med å betala 500,- i leige (Vipps 72 44 33), men det avheng av føremålet med besøket. Ta kontakt med Anna (99 24 25 36) eller Arne (938 17 200) viss du er i tvil.
Ta elles omsyn til info som måtte bli gitt på plakatar på porten og på kiosken.
GULLHAUG er eitt av turmåla i den såkalla Fjelltoppjakten. Skaff deg poeng ved å gå ofte her. Finn ut meir på nettsida deira.
05.07.2025
BIDRAGSYTARAR
GULLHAUG er eit prosjekt som grunneigar Anna og Arne Gjerde står hundre prosent bakom. Det er på vår eigedom (gnr 206 bnr 1), og sidan dette skal bli ein del av næringsgrunnlaget på garden, er det ikkje naturleg å invitera til dugnad. Det er altså våre pengar og vår arbeidskraft som er basis.
Likevel må Øyvind Gjærde nemnast spesielt. God nabo, pensjonist, med god gravemaskin. Han har gjort mykje dugnadsarbeid på prosjektet, kort og godt fordi han elskar GULLHAUG. Her voks han opp, og han har mange gode minne herifrå. Tusen takk, Øyvind, for at du er med og fører barndomsminna våre eit steg vidare!
Me to gamle (73 og 77 år i 2025) er ikkje spesialistar i alt, og me har heller ikkje store musklar lenger. Følgjeleg har me leigd inn nokre gode folk som me gjerne vil takka for at GULLHAUG byrjar så smått å nærma seg den utforminga det er tenkt å ha.
Dei viktigaste av desse "muskelmennene" er: Kjell Musland, Arne Ragnar Johnsen, Øystein Thormodsæter, Stig Johannessen, Eirik Landa.
18.03.2025

Under reisinga av kapellet. Frå venstre Kjell, Arne Ragnar og Øyvind.

GULLHAUGMEDALJEN
Det høyrest litt pretensiøst ut, og det er det vel faktisk også, at me har ein eigen gullmedalje som heiter Gullhaugmedaljen. Den deler me ut til personar som har gjort ein spesiell innsats for dei verdiane som FATLANDSKOGEN er meint å representera.
Eigentleg er det GULLPARKEN som er inspirasjonskjelde, men den blei jo aldri noko av, på grunn av byråkratisk rot. Verdiane bakom derimot, som gjeld kva me skal gjera i dag for dei som skal leva i morgon, lever vidare. Mellom anna gjennom FATLANDSKOGEN og Gullhaugmedaljen.
Tre personar har per i dag fått medaljen:
Olaf Gjedrem, for sin innsats for kystskogbruket på Vestlandet, og dessutan som leiar i fleire år for organisasjonen Jordvern Norge. Han har vore ordførar 16 år i Bjerkreim kommune, og dessutan site på Stortinget for Krf. Olaf til venstre på øvste bildet.
Kjell Rune Asmervik, mangeårig leiar i Fatland Vel, med energi og pågangsmot som folk flest ikkje er i nærleiken av. Dei fleste stiane i skogen har han hatt ei sterk hand på. Kjell Rune til venstre på bildet.
Marte Simonsen Reigstad, den som har brukt FATLANDSKOGEN desidert mest av alle. Til rekreasjon, og til stell av kroppen i ein helsemessig utfordrande situasjon. Ho er eit mønster for mange når det gjeld å finna enkle og naturlege måtar å passa helsa på. Marte til høgre på bildet.
09.05.2025
KIOSKEN PÅ GULLHAUG
Kiosken på GULLHAUG er stengd det meste av tida, men opnar når det er spesielle grunnar for det. 
Vareutvalget vårt kan variera litt, men du kan alltid få kjøpa kaffi, brus, is, kaker og/eller vaflar. Og sjølvsagt pølser. Veldig enkel servering altså. Og alltid lynlotteri, for dei spelegalne.
Har du og gjengen din planlagt ein tur hit, og de har lyst på noko å eta? Ta kontakt på førehand, så opnar me kiosken på avtalt tidspunkt, og med avtalt meny. Kontakt Anna (99 24 25 36) eller Arne (938 17 200). 
Eventuelt overskot frå kiosksalget går til vidare utvikling av NATURSTIEN og funksjonane i området rundt denne.
11.05.2025
FINST DET GULL PÅ GULLHAUG?
Ja, dette er det mange som spør om. Svaret er det vel ingen som har.
Men at det er mykje interessant geologi her, er sikkert. Berre sjå på det kvite fjellet, som me prøver å bruka som kontrast til fargerike blomar. Om me har fått det til, får andre avgjera. Me er jo amatørar, som elskar å prøva oss fram.
Og viss du studerer det kvitskura berget, så vil du sjå meir enn 200 små jettegryter rundt om på haugen. Det er veldig artig og spesielt, sjølv om dei er mindre enn 20 cm i diameter. Sjå det nedste bildet.
Mange lurer også på korleis me har fått fjellet til å bli så reint og kvitt. Svaret er at me først fjerna molda med gravemaskin, deretter med spade og krafse. Så har me brukt sikkert bortimot tusen timar på å vaska fjellet, med den kraftigaste høgtrykksvaskar me klarte å få tak i. Kvar vår må me gjera dette på nytt.
Og så er det ei stor kvartsåre her, nett nedanfor Grillplassen. Ofte finst det andre mineralar også i slike årer.
Men finst det gull? Det hadde jo vore artig å prøva å finna det ut ein dag.
10.08.2025
Tilbake til toppen