Les førehandsomtalar her, og referat med bildegalleri lengst nede. Klikk på første bildet i galleriet for å sjå større versjon, gå til neste bilde med høgrepil.
Konsertprogrammet går over fem søndagar gjennom sommaren. Det populære kakebordet er ope ein time før og ein time etter konserten, men ikkje under.
FØREHANDSOMTALE: VOKALGRUPPA GLIMRAH
Konsertidspunkt: Søndag 12. juli kl 1700
Musikktype/stil: Renessansesong, folketonar, klassisk, samtidsmusikk
Dirigent: Maria Malmsten
Maria fortel at det var ho som hadde lyst til å starta ein kvinneoktett i Kvinnherad. Ho ville òg syngja meir sjølv, og då spesielt renessansesongar og folketonar. Ho «handplukka» sju kvinner som ho visste song bra, og som hadde litt ulike stemmeleie. Alle har bakgrunn i kor og ensemblesong.
Dei øver annakvar veke, men ein viktig del av øvinga er òg lange og gode kaffipausar, med fine samtalar. Ikkje sjeldan tar dei ei yogaøkt på øvingane. Dei reiser gjerne på seminar, og på utanlandsturar med konsertar. Dessutan har dei sin eigen badeklubb, The Blue Mermaids.
Fantastisk kjekk gjeng å syngja saman med, kreative og morosame, seier ho. Det har blitt mykje renessansesong og folketonar desse 11 åra, men også ein god del klassisk musikk og samtidsmusikk, mellom anna mange songar av Kjersti Follesø frå Bergen, som er bisett på Bømlo.
Dei har sunge på 8. mars, 1. mai (der ho sjølv har arrangert ei rekkje songar for vokalgruppa), på større konsertar (som julekonsertar og kyrkjekonsertar). Dei har også vore med kor på samarbeidskonsertar, sunge i barnedåp, fødselsdagar, bryllaup og julebord.
Me er lette å bruka til mykje, seier ho til slutt, og nemner at GLIMRAH òg har konsertert i Spania og Danmark. Snart kan dei føya Gullhaug til på lista si, noko dei gler seg veldig til.
25.06.2026
FØREHANDSOMTALE: STIG ARILD FOSSE (TROMPET), EGIL VAAGE (HARDINGFELE), TORVALD GJERDE (ORGEL)
Konserttidspunkt: Søndag 26. juli kl 1700
Musikktype/stil: Perler frå folkemusikk, klassisk og slagermusikk.
Stig Arild Fosse voks opp i Fjelberg og bur der. Han lærte først på elektronisk orgel hjå Torvald, og etter kvart på trompet hjå Anne Sofie Bjelland Kjeka, viste stor musikalitet og var viktig i Fjelbergøyane blåseband, som ho starta og dirigerte. Orkesteret stod for mykje fest- og høgtidsstemning både i Fjelberg og på Halsnøy dei åra det eksisterte. Stig var tidlegare òg ein ettertrakta trubadur i bryllaup og på dansetillstellingar. Han syng nå i Halsnøy Kammerkor.
Egil Vaage er frå Sunde og bur der. Han spelar ulike instrument, men er mest av alt ein meister på hardingfele, som han trakterer svært musikalsk og vakkert. Han er sjølvlærd, som har vore det vanlege i norsk folkemusikktradisjon, men har òg lært mykje av store meistrar som Finn Vabø og Håkon Solås. Han syng både i Halsnøy Kammerkor og Halsnøy Shantykor, der han òg spelar mandolin og bouzouki ved høve.
Torvald Gjerde er frå Fatland på Halsnøy og bur der. Han lærte musikk ved Universitetet i Trondheim, med orgel som hovudinstrument. Han abeidde først i Etne og på Halsøy som musikklærar på ulike instrument, organist og kordirigent. Flytte så til Island, der han dreiv med det same. Her tok han òg kantorutdanning. Nå er han flytt heim att og dirigerer Halsnøy Kammerkor, som han starta, og Halsnøy Shantykor. Stundom er han organist i kyrkjene her.
01.07.2026
FØREHANDSOMTALE: VERONICA ERES (AKUSTISK GITAR), LEIF KRISTJÁN GJERDE (PIANO)
Konserttidspunkt: Søndag 2. august kl 1700
Musikktype/stil: Akustisk gitar, piano, variert musikk
USA/Halsnøy
Omtale kjem
Håvard (til venstre) og Øyvind.
FØREHANDSOMTALE: HÅVARD SVENDSRUD (TREKKSPEL), ØIVIND FARMEN (TREKKSPEL)
Konserttidspunkt: Søndag 9. august kl 1700
Musikktype/stil: Trekkspelmusikk, klassisk og gammaldans
Håvard Svendsrud var musikaren som drog i gang konsertserien Sommarkonsertar på Gullhaug for tre år sidan, med eit flott program. Då spela han åleine.
Nå har han fått med seg ein svært god medspelar, Øyvind Farmen. Dei er begge to av Norges heilt fremste trekkspelarar og har hatt samarbeid i 25 år, mellom anna på radio, festivalar og konsertar rundt om i landet. Og sidan 2016 har dei hatt lengre turnéar, heilt frå Kirkenes i nord til Kristiansand i sør.
Repertoaret deira spenner frå klassikarar som Bach, Mendelssohn og fleire, til tradisjonell trekkspelmusikk av Pietro Frosini og andre. Norsk trekkspelmusikk har fått mykje plass gjennom eit eige utvikla program med komposisjonar av Arnstein Johansen og Henry Haagenrud. På Gullhaug vil dei òg la gamaldansen få godt rom.
Både Svendsrud og Farmen er klassisk utdanna ved Barratt Dues musikkinstitutt.
Håvard Svendsrud er busett i Oslo og arbeider som frilansmusikar, både som solist og i ulike samarbeid. Ved sida av si utøvande speling, er han også ein aktiv produsent med sitt eige plateselskap Aksent. Han er tidlegare norgesmeister på trekkspel og har halde konsertar både i Europa og Amerika.
Øivind Farmen er busett i Selbu i Trøndelag, der han driv firmaet Farmen Musikkopplevelser med sal og reparasjon av instrument. Han er dessutan gjennom tidene den einaste norske verdsmeister på trekkspel og er kjend både som solist og i ulike samarbeid.
Les gjerne referatet frå Håvard sin konsert på Gullhaug for tre år sidan, her.
26.06.2026
FØREHANDSOMTALE: RUNE EIKEMO (SONG), ANDERS TOTLAND (PIANO)
Konserttidspunkt: Søndag 16. august kl 1700
Musikktype/stil: song, piano, variert musikk
Omtale kjem.
REFERAT: PÅSKEKONSERT MED MANGE BLIDE OG FORNØGDE PUBLIKUMMARAR
Konserten på skjærtorsdag samla rundt 220 sjeler, som alle saman skein i kapp med den fine vårsola. Dette er rekord for vårkonserten, og opp mot det maksimale me får plass til i dag, ved den koselege Naturscenen inne i skogen. Men det skal vera råd å skaffa sitjeplass til 300 her, så kanskje til neste år blir det rekord igjen?
Gullhaugkonsertane har ansvaret for konserten, som i vinterhalvåret går her inne i den lune skogen, fordi det er litt for kaldt på Gullhaug. Men til sommaren blir konsertane på vakre Gullhaug, som vanleg.
Den flotte og feiande og iøyrefallande musikken, som dei frammøtte sette så tydeleg pris på, var denne gongen ved:
Anne Sofie (neverlur), Stig Arild (trompet), Shantykoret (korsong), Ella (piano), Huldrene (barnekorsong), Kammerkoret (korsong) og Torvald (orgel).
Alle stod for flotte framføringar, trass i at dette er ein konsert først og fremst for lokale amatørkrefter. Det heile vart elegant leia av Torvald Gjerde, som er sjefen for det frivillige laget Gullhaugkonsertane.
Konserten hadde gratis entré, men i kiosken var det råd å kjøpa seg kaffi og kaker. Også her var det rekordtempo, og kvar einaste kake forsvann i løpet av dagen.
Rundt i skogen yrte det med folk frå tidleg morgon, mange var tidleg ute for å finna etterlatenskapar etter Påskeharen sine nattlege herjingar. Trass i at han påstår han har lagt frå seg godt over 200 gule godteposar langs Naturstien, er området støvsugd lenge før lunsj. Også langfredag var det massevis av folk her frå tidleg morgon, spesielt ungar naturleg nok.
Ei kjempevellukka helg må me seia at det har vore, og publikum skrytte og var vel nøgde med alt dei hadde opplevd. Men påskedag er det meldt regn og storm, og då blir det nok mindre konkurranse om dei gule godene. Påskeharen reiser litt før lunsj den dagen, for å unngå stormen.
04.04.2026