Klikk på knappane for å sjå bildegalleri frå kvar av konsertane. Klikk på første bildet i galleriet for å sjå større versjon, gå til neste med høgrepil.
Adonis AS er sponsor for GULLHAUGKONSERTANE i 2023
HÅVARD SVENDSRUD - STOR KUNSTNAR PÅ TREKKSPEL
Søndag 16. juli hadde me den første konserten i GULLHAUGKONSERTANE sin regi. Det var trekkspelfantomet Håvard Svendsrud som kom på besøk, med godt humør og musikk av aller beste merke. 
Også vêrgudane stakk innom diverre, med humør av ein heilt annan sort. Susanne Sundfør sin konsert i Rosendal var sjølvsagt òg ein lei konkurrent, så me frykta jo stort mannefall blant publikum. Men rundt 50 interesserte musikkvenner stilte opp, og dei angra ikkje eitt sekund. Tørt og godt sat dei, godt skjerma for vinden.
Torvald Gjerde er leiar i det frivillige laget GULLHAUGKONSERTANE, og han starta med å ønskja publikum og artisten velkomne.
Det var ein stemningsfull konsert, framført av ein av dei store trekkspelvirtuosane i vår tid. Han presenterte sjølv musikkstykka, på sin folkelege og lunefulle måte. 
Repertoaret var mest klassisk, i fleire ulike stilartar, men også nokre gammaldansperler fekk plass i det knapt timelange programmet. 
Mellom anna spela han Fagre Stryn av Per Bolstad. Og då det heile var over, kom det fram eit par karar som kunne fortelja at dei hadde eit spesielt forhold til nettopp Per Bolstad. Den eine presenterte seg som barnebarnet hans, og den andre som den stolte eigaren av Per Bolstad sitt trekkspel. Rett nok var seljaren oldebarnet til komponisten, men Per Bolstad heitte han like fullt.
Etter konserten var det mange som sat att og koste seg. Med kaffi, vaflar, pølser, lynlodd og anna som kunne kjøpast.
Kommande søndag er det konsert att. Då håpar me at vêrgudane har skifta til ein heilt annan sinnsstemning. Men uansett vêr så er det ei oppleving med konsert på Gullhaug. Håvard Svendsrud tykte det var fantastiske omgivnader for ein konsert, ikkje minst det å få spela frå eit slikt spesielt kapell, gjennom ei luke i veggen, mot publikum.
18.07.2023
PS. Følg gjerne Håvard Svendsrud på Facebook. Og her kan du høyra han spela første sats av Grieg sin Holberg-suite.
VERONICA ERES - GITARIST MED STORT TALENT
Den andre gullhaugkonserten blei halden søndag 23. juli, med Veronica Eres frå USA på klassisk gitar. 
Det var spenning knytt til kor mange som ville komma, sidan dette er eit instrument som det ikkje tradisjonelt har vore stor interesse for her lokalt. Men rundt 40 personar kom, og dei kosa seg veldig med den flotte musikken i det fine solskinet.
Formann Torvald ønskte velkommen og delte ut programark. Veronica sjølv introduserte nummera sine munnleg i tillegg.
Publikum var storleg imponerte over artisten, som har ein frapperande teknikk. Det var lett å sjå og høyra, også for dei som sjølv ikkje har nokon gitarbakgrunn.
Ho er oppvaksen og utdanna i USA, bur i dag i Reykjavik. Snart kjem ho sørover i Europa for å fullføra den planlagde utdanninga si. Me ser fram til å høyra meir frå henne i åra som kjem.
Etterpå tok dei fleste turen oppom toppen av Gullhaug, der dei kunne kjøpa mat og drikke. Mange vart sitjande langt utover kvelden, for å nyta det storslagne utsynet i det fine solskinet. Og for å fordøya den vakre musikken dei nett hadde opplevd. 
Du kan sjølv få ein smak av musikken hennar her. Denne innspelinga er gjort i 2016, altså tidleg i karrieren, men likevel får ho mykje skryt.
27.07.2023
SUNNIVA LIND OG ØYSTEIN MAGNUS - SØSKEN MED STOR PUBLIKUMSAPPELL
Det knytte seg ei viss spenning til denne tredje konserten, som var søndag 30. juli kl 1700, med søskena Sunniva Lind Gjerde og Øystein Magnus Gjerde
Dels fordi det var nydeleg vêr denne dagen, men med melding som sa at det skulle regna nett under konserten, og ikkje elles. Dels fordi artistane skulle spela eigenkomponert pop og rock. Ville dette fengja eit lokalt publikum? Ville ungdommen møta opp? Eller kanskje ikkje nokon ville komma i det heile, på grunn av desse tankane.
Me tok feil, men vart ikkje skuffa. Det kom rundt 75 personar, som ville høyra på desse to trubadurane, som faktisk er born av leiaren for GULLHAUGKONSERTANE, Torvald Gjerde. Naturleg nok har dei derfor vore mykje på Fatland opp gjennom åra.
Dei første tre publikummarane møtte opp i svært god tid, for å finna seg gode plassar, trygt under tak. Det var lurt, for nett før konserten starta, så kom regnet. Me måtte laga litt provisorisk ekstratak for at alle skulle få sitja tørt, men det gjekk bra.
Folk sette umåteleg pris på musikken, konserten, omgivnadene, vaflane og kaffien. Og ikkje minst på dei to unge talenta som opptredde. Til slutt reiste alle seg og gav ståande applaus, noko som sjølvsagt resulterte i ekstranummer.
Etterpå var det mange som tok turen opp på sjølve haugen, for å sjå på blomane og utsikta. For nå var det sjølvsagt fint vêr att.
Ungdommane, kom dei? Vel, dei var teljande på éi hand. Men neste gong.
Var du ikkje på konserten, men gjerne vil få eit innblikk i musikken deira, så kan du høyra ei innspeling som Øystein nett har gjort, ved å klikka her. Og her høyrer du Sunniva.
31.07.2023
ANDRÉ EIDE - LOKAL PIANIST MED VAKKER MUSIKK
Mange vart overraska over nivået på konserten som André Eide hadde søndag 6. august kl 1700. At ein kar frå vesle Halsnøy, på eit instrument som ikkje har gamle tradisjonar på øya, skulle kunna gi eit så flott program, på eit såpass høgt nivå, var nytt for mange av dei godt 50 frammøtte.
Musikken hans høvde nydeleg inn i den spesielle atmosfæren som alltid rår på GULLHAUG når det er så fint vêr. Romantisk musikk, som spenner frå Grieg til Clayderman, er balsam for sjela hos alle. Det var derfor mykje skryt å høyra etterpå. 
Mange seier forresten at det er musikken kombinert med blomane og utsikta her som gjer konsertane så fantastiske. Det liker me jo sjølvsagt å høyra, for det er nett slik tanken vår er at det skal vera.
Eitt av stykka hans var Bryllaupsdag på Trollhaugen av Edvard Grieg, og dette iøyrefallande, men ganske krevjande stykket, gjorde han på framifrå vis. Det er forresten ein haug i sørkant av GULLHAUG som faktisk heiter Trollhaugen. Der kan han spela dette stykket dersom du, eller nokon annan du kjenner, har lyst til å gifta seg i kapellet på GULLHAUG.
Etterpå var det som vanleg samling på terrassen på toppen, rundt kaffi, vaflar, kaker, pølser og mykje Anna-godt. Dei blide fjesa på bildet ved sida av vitnar om at denne kvelden var ei god oppleving.
Her får du ein smak på talentet hans, når han spelar den vakre Sommarsång av Wilhelm Peterson-Berger.
07.08.2023
TORVALD GJERDE - ORGANIST PÅ HEIMEBANE
Torvald er leiar for GULLHAUGKONSERTANE, og kva var vel meir naturleg då enn at han sjølv avslutta sommarsesongen med ein orgelkonsert søndag 13. august klokka 1700.
Vêret var skiftande, og helst dårleg, så me var naturleg nok usikre på frammøtet. Men rundt 45 ivrige entusiastar stilte opp likevel. Om dei ikkje såg sola dukka opp på himmelen, så såg dei iallfall eit nytt element som hadde dukka opp over porten. 
Torvald hadde eit fyldig og godt program med klassisk orgelmusikk, som han framførte på sitt eige kyrkjeorgel. Det gjorde han med bravur, det var mange godord å høyra frå folk etterpå.
Etterpå var det full fart i kioskteltet, med kaker og pølser som hadde mange bein å gå på. Folk stod lenge og prata, og når halvparten hadde gått, tok Torvald like godt eit ekstranummer. Det var You raise me up, noko som blei sett stor pris på.
Torvald er utdanna i musikk i Trondheim, med orgel som hovudinstrument. Seinare har han teke kantoreksamen på Island, der han har budd og arbeidd dei siste tretti åra. Diverre har han ikkje lagt ut noko orgelverk på Youtube, men her kan du iallfall høyra han spela trekkspel, i duett med seg sjølv.
Målet for konsertane i sommar var å samla minst 50 tilhøyrarar til kvar konsert. Gjennomsnittet låg litt over det talet, så konklusjonen vår er at desse sommarkonsertane har vore ein suksess. Dei er komne for å bli, og me gler oss alt til neste sommar. Torvald har stort sett programmet og artistane klare allereie nå.
14.08.2023
Til toppen