Klikk på eit bilde for å sjå større versjon. Bruk så høgrepil for å gå til neste bilde.
TERRASSEHAGEN
Terrassen har blomsterkassar rundt på utsida av heile rekkverket.
Folk spør ofte kva denne blomen heiter, som finst i fleire fargar, og som blømer så rikt frå midten av mai og heilt til oktober.
Svaret er Nemesia. Arten kjem frå Sør-Afrika, der han er staude, og såleis kjem att år etter år. Her i landet klarar han ikkje vinteren, så her må du planta nytt kvar vår.
Nemesia kan du kjøpa på gartneria i Kvinnherad, dersom du ikkje er for seint ute.
02.07.2023

HOVUDHAGEN
Me har ikkje noko betre namn på dette hageområdet enno, men det dreiar seg om området frå grillplassen og opp til terrassen.
Me har lagt uttallige timar i å vaska fjellet så reint som det er råd å få det. Dette fordi eit slikt kvitt fjell er ei fenomenal ramme for ein blomsterhage. Nøytral ramme, med massevis av fargar innimellom.
Også her finn du mykje Nemesia, men med mange andre sortar i tillegg.
Gamle trillebårer får eit nytt liv, nøye overvaka av Gullhild, som er forma av Kjell Musland og motorsaga hans.
02.07.2023
KAPELLHAGEN
I kapellområdet er det òg ein hage, som mjukar opp overgangen mot den store grusplassen. 
Nemesia finn du i kassane langs veggen, og resten av hagen består av to sorter Geranium, ispedd nokre knallraude roser.
02.07.2023
Til toppen