KAPELLET I FATLANDSKOGEN
Det kvite kapellet på GULLHAUG legg ein ekstra dimensjon til denne flotte arenaen. Den fargerike hagen rundt kapellet skal bli endå større og frodigare litt etter kvart, er meininga.
Bryllaup, barnedåp, gravferd, fødselsdagar, konsertar, dei fleste typar jubileum og arrangement kan gjera seg nytte av det vesle kapellet, som om sommaren er utstyrt med både flygel og kyrkjeorgel. 
Spesialitet: Gullbryllaup på Gullhaug.
08.01.2024

Skogen bakom skapar ei naturleg og fin ramme for eit kapell som dette. Juli 2023.

Publikum har god oversikt over kva som skjer i kapellet, sjølv om det nett denne gongen var litt stor lyskontrast. Det kan me ordna gjennom eit innandørs lysanlegg. August 2022.

EIT SPESIELT KAPELL
Det som særleg skil dette kapellet frå andre kapell er at det har ei stor luke i veggen. Denne kan skuvast til side, slik at publikum ute kan følgja med på det som skjer inne.
I eit bryllaup til dømes, kan alle sjå presten, organisten og brureparet, og følgja med på heile seremonien. Tilsvarande i ein barnedåp. Under ein orgelkonsert ser publikum organisten under heile konserten.
Ved dårleg vêr kan me organisera tak over gjestene, og vegger som le for vinden. 
08.01.2024
GULLBRYLLAUP PÅ GULLHAUG? ELLER DÅP?
Gjennom sommaren 2024 kan du leiga kapellet til dine eigne arrangement. Mange slags seremoniar kan du ha i kapellet, men gullbryllaup er altså spesialiteten vår. 
Den 10. mars 2023 arrangerte me vårt første gullbryllaup her, og det var kjempesuksess, seier alle som var til stades. Klikk på knappen under for å sjå korleis det gjekk for seg. Der kan du òg lesa om korleis du sjølv kan laga ditt eige vesle høgtidelege arrangement i/ved kapellet.
09.01.2024

Det første gullbryllaupet i kapellet var høgtideleg og flott. Foto: Atle Helland.

Det er plass til 8-10 gjester inne, eller 200 ute.

LEIGE AV KAPELLET
Viss du vurderer å leiga kapellet til eitt av dine eigne arrangement, får du nødvendig info ved å klikka på knappen.
09.01.2024
TRENG DU FOTOGRAF?
Har du ikkje eigen fotograf, bør du leiga ein profesjonell. Då er Atle det perfekte valet, han bur berre 20 minutt unna GULLHAUG.
Det er han som har skapt alle dei flotte bilda i galleriet om gullbryllaupet (knappen ovanfor). Dei er henta frå albumet som han laga om dette spesielle arrangementet. Eit slikt album lagar han gjerne til deg òg.
Atle er ingen kven-som-helst. Han er ein av eliten her i landet innan fotografi. Også internasjonalt har han gjort store ting.
Og så må det nemnast at han både i 2022 og 2023 vart norgesmeister i bogeskyting, med heiderleg plassering også i VM. 
Kanskje kan du få han til å stilla opp som Amor i bryllaupet ditt? For å skyta piler?
Sjå Atle si heimeside her. Eller kanskje aller helst Facebook-sida hans her.
08.01.2024
GALLERI
Desse bilda viser kapellet og litt av korleis me forsøksvis har brukt det så langt. Men alternative opplegg finst i fleng, når berre området rundt kapellet er ferdig opparbeidd og fullt utstyrt. Ver merksam på at kapellet er ikkje vigsla, så ein står relativt fritt i korleis ein vil bruka det.
09.01.2024
Den lange kvite hekken av bjørkebladspirea fører bort til kapellet, som ligg godt synleg frå porten, og med vakkert utsyn vestover fjorden. Juni 2023.
Den lange kvite hekken av bjørkebladspirea fører bort til kapellet, som ligg godt synleg frå porten, og med vakkert utsyn vestover fjorden. Juni 2023.
Kapellet er omkransa av blomar, som står i blom heile sommaren. Juni 2023.
Kapellet er omkransa av blomar, som står i blom heile sommaren. Juni 2023.
Hagen rundt kapellet lagar ei fin ramme for mange typar arrangement. August 2022.
Hagen rundt kapellet lagar ei fin ramme for mange typar arrangement. August 2022.
Vindauga er spesiallaga i Trondheim, med blomstermotiv.  Mars 2023.
Vindauga er spesiallaga i Trondheim, med blomstermotiv. Mars 2023.
Når kapellet står ope, som her i påska, er det alltid gjester innom. Musikkinstrumenta frå heile verda imponerer. Mars 2024. Foto Kristian Hus.
Når kapellet står ope, som her i påska, er det alltid gjester innom. Musikkinstrumenta frå heile verda imponerer. Mars 2024. Foto Kristian Hus.
Bordet kan brukast som alter, eller til andre aktuelle føremål. Mars 2023.
Bordet kan brukast som alter, eller til andre aktuelle føremål. Mars 2023.
Organist Torvald Gjerde øver på kyrkjeorgelet, som han sjølv har finansiert. August 2022.
Organist Torvald Gjerde øver på kyrkjeorgelet, som han sjølv har finansiert. August 2022.
Orgelkonsert i august 2022, i altfor sterk varme, men likevel var det ganske bra frammøte.
Orgelkonsert i august 2022, i altfor sterk varme, men likevel var det ganske bra frammøte.
Mange er det som har tatt bilde av gjengen, med kapellet som bakgrunn. Mars 2024. Foto Kristian Hus.
Mange er det som har tatt bilde av gjengen, med kapellet som bakgrunn. Mars 2024. Foto Kristian Hus.
Tilbake til toppen