FØRSTE GULLHAUG-MEDALJEN ER UTDELT
Dette høyrest veldig pretensiøst ut, men medaljen er veldig fin, i gull sjølvsagt. Det er noko Arne har funne på, viss du lurer.
Medaljen skal delast ut i ny og ne til personar, kanskje også organisasjonar, som har gjort ein stor og viktig innsats for eitt av dei føremåla som FATLANDSKOGEN er meint å representera og promotera.
På nedanfor nemnde russetreff blei første medaljen delt ut, den einaste så langt. Den gjekk til Olaf Gjedrem, som Arne altså var så heldig å ha som klassekamerat på gymnaset på sekstitalet. Seinare har han vore ordførar i Bjerkreim i 16 samanhengande år, og han har møtt som vara på Stortinget for KrF.
Olaf har i det siste vore leiar for Rogaland kystskogbruk, noko som er veldig interessant for oss skogeigarar her langt ute i fjordane. Men han er dessutan leiar for Norsk Jordvern, som er eit mykje viktigare tema enn folk flest er klar over. Me håpar at medaljen inspirerer han til å stå på vidare i dette arbeidet.
29.10.2024
RUSSETUR I SÆRKLASSE
I august hadde me eit russetreff i FATLANDSKOGEN og på GULLHAUG, der Anna og Arne var vertskap. Arne var sjølv russ på Bryne i 1967, og nå hadde han invitert heile bølingen til å møtast nett her. Heile 49 deltakarar var med, og arrangementet blei ein stormande suksess.
Nå har Arne laga eit album frå denne augusthelga, og albumet kan du få lov å sjå ved å klikka her.
Arrangement av denne typen kan me kanskje komma til å laga fleire av til neste år, for det er slike treff GULLHAUG eigentleg er laga for.
Foto: Atle Helland.
25.10.2024
VÅREN 2024
Friluftsgudsteneste på Kristi himmelfartsdag
Me hadde ein tørr og fin periode utover i april og mai i år. Men nett denne eine dagen, på Kristi himmelfartsdag, den 9. mai, regna det meir og mindre heile dagen. Dette førte til at berre 22 personar var til stades på gudstenesta. Det var litt skuffande, men vêret rår me sjølvsagt ikkje over.
Presten Carsten Mrusek stod tørt og fint inne i kapellet, med veggluka open så folk kunne følgja med. Det same gjorde musikarane, med organist Eva Megyesi og ein dyktig kar på bratsj. Dessutan sat publikum tørt under tak, der me hadde rigga til plass for ganske mange fleire.
Grillkyrkjekaffien var suksess, som vanleg. Og køproblema var relativt små.
09.05.2024
VÅREN 2023
Friluftsgudsteneste på Kristi Himmelfartsdag
Kristi Himmelfartsdag tok me opp att den gamle tradisjonen med friluftsgudsteneste på Gullhaug.  Her nede i Solkroken, der gudstenestene var tidlegare år òg,  har me fått ein flott arena for denne typen arrangement.

Carsten Mrusek var prest, og Torvald Gjerde organist, på trekkspel denne gongen.  Vëret var sånn passe, ikkje altfor varmt, men det møtte rundt 50 sjeler likevel.  Det er me godt nøgde med.
Carsten Mrusek var prest, og Torvald Gjerde organist, på trekkspel denne gongen. Vëret var sånn passe, ikkje altfor varmt, men det møtte rundt 50 sjeler likevel. Det er me godt nøgde med.
Somme sat under tak, men dei fleste fekk plass ute. Det gjekk bra denne gongen, for det var opplett heile tida.
Somme sat under tak, men dei fleste fekk plass ute. Det gjekk bra denne gongen, for det var opplett heile tida.
Presten likte godt denne talarstolen, som han meinte likna veldig på ein preikestol. Det var meininga frå vår side òg at han skulle sjå såpass presentabel ut at han kunne brukast i meir høgtidelege høve.

Det er ganske spektakulært å sitja ute i naturen på denne måten, for å høyra Guds ord. Folk let voldsomt vel over arrangementet og Gullhaug.
Det er ganske spektakulært å sitja ute i naturen på denne måten, for å høyra Guds ord. Folk let voldsomt vel over arrangementet og Gullhaug.
Då me gjekk heimover att, var det komne eit par småfuglar på porten. Me prøvde å jaga dei vekk,  men dei ville ikkje rikka seg. Det viste seg at dei var utskorne i tre, av vår venn Kjell Musland, som såg sitt snitt til å montera dei opp når ingen såg på.  Det var meint som presang, i høve den nylege 75-årsdagen til Arne. Tusen takk, Ruth og Kjell!

Og berre slik at ingen skal tru at porten og gjerdet rundt Gullhaug er berre til pynt: Desse hjortefara blei observerte like utanfor porten på sjølvaste 17. mai.
Og berre slik at ingen skal tru at porten og gjerdet rundt Gullhaug er berre til pynt: Desse hjortefara blei observerte like utanfor porten på sjølvaste 17. mai.
Back to Top