Klikk på knappane for å sjå bildegalleri frå kvar av konsertane. Klikk på første bildet i galleriet for å sjå større versjon, gå til neste med høgrepil.
Sponsorar for GULLHAUGKONSERTANE i 2024:
Fjelberg Kraftlag Stiftinga
Sparebanken Vest
Sparebank1-stiftinga Kvinnherad
Adonis AS
FLOTT AVSLUTNINGSKONSERT MED LOKALT BAND
Også avslutningskonserten søndag 11. august baud på musikk av musikarar frå Kvinnherad, nemleg bandet Full rulle
Over 140 gjester stilte opp, noko som viser at lokal musikk trumfar internasjonale musikarar her på bjerget. Likevel er det vel konseptet, med litt lokalt og litt nasjonalt og litt internasjonalt, som er og blir Gullhaugkonsertane sitt varemerke, og som gjer konsertforma spesiell og interessant for alle.
Full rulle vart etablert i 2023, med Haldor Tveit på trekkspel, Egil Vaage på fele, hardingfele og mandolin, Tore Nordahl Pedersen på bass og song, og Roy Johnsen på gitar. 
Dei har eit allsidig repertoar, som høyrer heime i vestlandskulturen, frå gammaldans til  populærmusikk.  Denne konserten gav blikk inn i ulike epokar av dansemusikken her vest, frå hardingfela rådde grunnen, til vestlandske trubadurar i meir moderne stil.
På repertoaret for denne konserten fann me mellom anna Bruremarsj frå Seljord, Malmangernuten, Ringnes'n, Trønderbrura, og tre songar av Johannes Kleppevik. 
Haldor er mangeårig musikalsk leiar i trekkspelklubben, og har heile livet vore ein ettertrakta dansespelemann på trekkspel. Egil, på fele og mandolin har bakgrunn frå ulike folkemusikklag, Bergeners og lokale band. Tore er bassist og vokalist i Rustne menn, og har allsidig musikalsk bakgrunn frå rock- og danseband i Os. Roy, på gitar, har bakgrunn frå Bewildered, som var eit tributeband for Dire straights.
Folk likte seg. Det var råd å sjå på alle føtene som trampa takten gjennom heile konserten. Musikken fall i smak hos dei tilårskomne spesielt. Og det var dei som var i absolutt fleirtal denne dagen.
29.08.2024
LOKALE HELTAR GAV PUBLIKUMSREKORD 
Til konserten søndag 4. august venta me bra frammøte, sidan det var fire lokale artistar som stod på programmet. Dei representerte ulike stilartar, og vêret var meldt godt, så me hadde god grunn til å rekna med at det kom minst hundre til GULLHAUG denne dagen for å høyra på.
For å vera på den absolutt sikre sida, sette me fram ekstra benker og stolar, sånn at 140 sete stod klare til konserten. Men folk strøymde på, så både frå kapellet, toppterrassen og andre stader måtte det hentast stolar. Mange sat òg oppe på det fantastiske svaberget, som er ypperleg eigna til sånt. 
Heile 200 samla seg totalt, i det som alle tykte var ein fantastisk konsertarena! Me er glade og lukkelege over dette. Og imponerte, over at folk stiller så til dei grader opp for sine eigne. Skrytet frå gjestene i etterkant viser at dei koste seg, og mange var det som spontant utbraut at her skal me komma tilbake. Neste søndag!
Det var stilt, fint, mildt, skya vêr under konserten. Perfekt for ein konsert. Og mot slutten kom faktisk sola. Då steig stemningen ytterlegare.
Aktørane denne gongen var Marie Lillesand Høgestøl frå Husnes (song), Sølvi Marie Berge frå Fjelberg (song og gitar), Rune Eikemo frå Valen (song og piano) og Torvald Gjerde frå Fatland (piano og orgel). Programmet spente frå klassisk musikk til pop og rock.
Marie er nyutskriven med BA ved Norges Musikkhøgskule i Oslo, som sopran i klassisk song, og i tillegg i komposisjon, den første ved skulen med denne kombinasjonen. Ho har tidlegare opptredd i Kvinnherad ved fleire høve. I fjor sommar deltok ho på sommarkurset Opera ved fjorden som Operaen i Bergen stod for.
Sølvi Marie er nyutskriven frå Griegakedemiet i Bergen, med master i musikkterapi. Ho er elles alt ein erfaren trubadur med gitaren som følgjesvein, og ho har opptredd både i Bergen og Sunnhordland. Slik vil ho også stå fram på Gullhaug.
Rune er først og fremst pop- og rockesongar. Han har alt frå unge år ofte opptredd ved lokale konsertar og arrangement. Dei siste åra er han ikkje minst blitt kjend for spesielt flott solosong med Strupebandet på koret sine sine konsertar. Rune er òg ein flink pianist.
Torvald var første dirigenten til Strupebandet og var før musikklærar på Halsnøy. Han flytte så til Island, tok kantorutdanning, og abeidde der som organist, kordirigent og musikklærar. Han har halde mange korkonsertar, men òg orgelkonsertar, og dessutan har han gjort plateinnspelingar med kor. Fleire gonger har han arrangert turar med islandske kor til Noreg, m.a. til Halsnøy.
Men kva skal me gjera neste søndag, viss det kjem like mykje folk? Det kunne vera fristande å håpa på dårlegare vêr, for erfaringsmessig held då mange seg heime. Me håpar sjølvsagt ikkje det heller. Arne får heller gå i gang i dag med å laga nye provisoriske benker, som me kan setja fram viss behovet er der. 
Etter så mykje vellæte, og så mange lovnader om snarleg tilbakekomst frå publikum, kan me rekna Gullhaugkonsertane som godt etablerte. Det betyr i klartekst at benkene vil komma vel med også til neste år.
05.08.2024
ORGELBRUS I SKOGEN
Orgelmusikk er eit relativt smalt segment blant publikum, men me håpa likevel på 50 gjester til konserten på GULLHAUG søndag 28. juli. Me bomma ikkje mykje, det mangla berre to-tre sjeler på at me nådde målet. Det er me godt nøgde med.
Dei som ikkje var der gjekk glipp av flott musikk, utført av den tsjekkiskfødde islendingen Lenka Mateova, på kyrkjeorgel. Ho spela mellom anna stykke av dei tsjekkiske komponistane Dvorak og Smetana, og elles av Bach og Mendelsohn.
Diverre fekk me ikkje sjå så mykje til henne under konserten, sidan ho sat bakom orgelet, og orgelet måtte flyttast inn under scenetaket i tilfelle det kom regn. Regnet heldt seg likevel vekke.
Når så Torvald måtte hjelpa henne med å halda notane på plass i vinden, var det helst han me såg. Dette må me kanskje finna ei betre løysing på ved eit seinare høve. Men musikken er jo det aller viktigaste på ein konsert, og den sette publikum stor pris på.
Lenka Mateova er fødd i Tsjekkoslovakia. Ho vart utskriven som kantor frå Konservatoriet i Kromeriz, og ho har master i orgelspeling frå Musikkakademiet i Praha. Ho har vunne mange prisar for orgelspelinga si i heimlandet, og ho har halde konsertar rundt om i Europa.
I seinare år har ho budd på Island, der ho har vore organist og kordirigent. Ho har vore ein av dei fremste i landet på instrumentet sitt, har halde konsertar åleine, og har elles vore ettertrakta som medspelar i andre kor og kammergrupper sine konsertar. Dessutan har ho gjort plateopptak og opptredd i radio og fjernsyn. I tillegg har ho undervist oppkommande organistar ved den nasjonale kyrkjemusikkskulen.
30.07.2024
NB! Har du tilgang til Kvinnheringen, kan du sjå den flotte bildereportasjen deira frå konserten.
FENOMENAL MUSIKK FRÅ SAGAØYA I VEST
Me kan kalla det folkepoprock à la Island, det som stod på programmet på konserten søndag 21. juli. Heile to ekstranummer måtte dei gi, og det fortel vel at publikum var svært nøgde med det dei hadde fått høyra.
Publikum, ja. På ei tid der ein konkurrerer med mykje anna som skjer, samtidig med at ein skulle tru at folk var metta etter den lange festivalveka på Sæbøvik, var me spente på kor mange som ville komma til Gullhaug. Når så vêrmeldinga fortalde om mulighet for styrtregn under konserten, frykta me det verste.
Men heile 70 frammøtte gjorde dei dystre spådommane til skamme. Og regnet heldt seg borte, heilt til siste strofen av siste ekstranummeret. Styrtregn blei det ikkje då heller, men det var råd å bli våt i håret.
Det var den islandske trioen Nanna Halldóra Imsland (song), mannen hennar Friðrik Jónsson (gitar), og vår eigen islandsk/halsnøyske Øystein Magnus Gjerde (song, gitar) som stod for programmet denne gongen. Dei bur alle på Egilsstaðir på Aust-Island.
Nanna er islandsk, men ættar frå Imsland i Rogaland, derav etternamnet. Ho har lært klassisk song hjå fleire lærarar, og ho meistrar så vidt forskjellige stilartar som pop, rock og jazz. 
Friðrik er òg islandsk, og han har vakse opp i eit sterkt musikkmiljø. Han er ein ettertrakta gitarist, og rock er spesialområdet hans. Friðrik underviser til dagleg på gitar. 
Øystein Magnus er islandsk og halvt halsnøybu. Han tok BA i klassisk gitar ved Griegakademiet i Bergen, han har også lært klassisk song. Etter utdanning har han undervist i gitarspeling og song, der pop og rock har vore viktigast. 
For underteikna, som ikkje generelt er særleg opptatt av rock, var dette likevel ei fantastisk stund. Å oppleva denne gjengen, som var uvanleg godt samspelt, var rein nytelse frå start til slutt. Det er lenge sidan sist eg klarte å sitja i ro i ein heil time, men her gjekk det smertefritt. Det var tydeleg å sjå på publikum at dei hadde nett same opplevinga.
Å sitja under tak, i temperatur på over tjue grader, nyta god musikk, mens regnet hølja ned i andre delar av kommunen. Det blir ikkje mykje betre enn dette!
22.07.2024
PS. Både musikarane og publikum var til dels ekstatiske i omtalen av denne konsertarenaen, der den enno litt uferdige scenen glir fint inn i fjellet. Kulissane er naturens eigne, berre sjå bildet av ungane oppe på berg-kammen. Ei av damene som bur utanfor kommunen, sa at ho var rørt over å ætta frå Fatland. Sjølvsagt veldig kjekt å høyra.
PS2. I Grenda i dag seier politiet at det har vore «ei kjemperoleg helg» på Sæbøvikfestivalen, der dei hadde svært lite å gjera på. Dei skulle ha vore oppom Gullhaug, for der sat alle musestille.
SJUR MAGNUS - HAN KOM TIL SINE EIGNE
Sjur Magnus fekk æra av å opna sommarkonsertane våre i år, søndag 14. juli. Heile 115 personar fann plass i og rundt paviljongane på GULLHAUG, og svært mange av gjestene var gamle kjende for Sjur, frå den tida han budde på Halsnøy og var ein sentral skikkelse i kulturlivet her i kommunen. Mest som organist, for det var vel det sikraste levebrødet for han.
Han er ein fantastisk musikar, både på orgel og piano. Det er pianist han eigentleg er utdanna som. Du visste kanskje ikkje at han i si tid, på musikkonservatoriet i Oslo, gjekk opp til eksamen i piano solospel med karakteren 1 blank! Det var det ingen før som hadde klart, om det er nokon seinare, veit me ikkje.
Denne gongen fekk me høyra han på GULLHAUGKONSERTANE sitt flunkande nye piano. Han spelte kjende og ukjende perler av nordiske komponistar. også nokre eigenkomponerte stykke. Det var stor semje rundt om hos publikum at han stod ikkje tilbake for nokon som komponist heller. Han kan  nå langt, om han satsar på det.
Sjur fekk dessutan æra av å innvia den flunkande nye utescenen vår. Det er rundt 100 sitjeplassar under tak, men denne grensa vart sprengd denne gongen.
Som ekstranummer framførte han den fantastiske Bruremarsj frå Halsnøy, som han på oppfordring komponerte til eit bryllaup her på Fatland i år 2000. Dette var eit kjekt gjenhøyr for oss alle, men sjølvsagt spesielt for oss som var i bryllaupet.
15.07.2024
PÅSKEKONSERT I STRÅLANDE REGNVÊR
Det var litt surt under påskekonserten på skjærtorsdag i går, men det brydde ikkje folk seg om. Over hundre tilhøyrarar kom likevel, godt påkledde. Dei sat i ro, varme og gode, i ein liten time og høyrde på musikk. Så overskrifta her passar nok godt. Folket skrytte veldig etterpå kor kjekt det var, så noko må me ha gjort rett. 
På grunn av vêret kopierte me opp berre 50 programark, men det  var altså behov for det doble og vel så det. Følgjeleg må me vera litt mindre pessimistiske neste gong.
30.03.2024
Til toppen