SKOG, SAGBRUK OG TREVAREVERKSTAD
Garden vår er ein rein skogeigedom, vel tusen mål, og ganske veldriven. Me driv etter moderne berekraftige prinsipp, mellom anna så tek me ikkje ut meir tømmer enn skogen sitt balansekvantum, og me syter for at hogstfelta får ny skog snarast råd. Det skjer anten ved planting, eller naturleg forynging, eller ein kombinasjon.
Me har eige sagbruk, slik at me kan foredla skogen vår til trematerialar av ymse slag.
Dessutan har me eigen velutstyrt trevareverkstad (200 m2), der me gjennom vinteren kan produsera mange slags treprodukt. For tida er det hagemøbel med villmarkspreg som er spesialiteten, men produktspekteret blir stadig utvida, dels basert på tilbakemeldingar frå kundane.
Når me så får GULLHAUG i full drift, har me den komplette syklusen på plass i skogen: Planting, forynging, skogkultur, tynning, slutthogst, skjering, foredling/trevareproduksjon, og til slutt sal direkte til kunde.
05.11.2022
GALLERI
Nokre bilde frå sagbruket og trevareverkstaden vår.
05.11.2022
PRODUKT-GALLERI
Nedanfor ser du produkt me har laga i tidlegare år. Nokre av desse tenkjer me å ha klare til våren 2023, pluss nokre nye.
05.11.2022.