OPNINGSTIDER
Kiosken på GULLHAUG er stengd det meste av tida, men opnar når det er spesielle grunnar for det. 
Kiosken er alltid open i samband med sommarkonsertane til GULLHAUGKONSERTANE. Kiosken opnar ein time før konserten, er stengd under sjølve konserten, for så å halda ope ei stund etterpå.
Men viss du elles ser oss der oppe, når du er på tur, og du har frykteleg lyst på is eller brus, så berre gi oss eit ord, så ordnar me dette spesielt for deg.
Eventuelt overskot frå kiosksalget går til vidare utvikling av NATURSTIEN
27.05.2024
KVA KAN DU KJØPA I KIOSKEN?
Vareutvalget vårt kan variera litt, men du kan alltid få kjøpa kaffi, brus, is, kaker og/eller vaflar. Og sjølvsagt pølser. Veldig enkel servering altså.
Har du og gjengen din planlagt ein tur til Gullhaug, og de har lyst på noko å eta? 
Ta kontakt på førehand, så opnar me kiosken på avtalt tidspunkt, og med avtalt meny. Kontakt Anna (99 24 25 36) eller Arne (938 17 200).
27.05.2024
ALLTID LYNLOTTERI
Når kiosken er open har me alltid lynlotteri. Kjøp lynlodd, og støtt den vidare utviklinga av FATLANDSKOGEN. Viss du vinn, kan du velja mellom mange fine gevinstar. Og du får gevinsten med deg med ein gong.
Eitt lodd kostar 5 kroner, og eit brett med 5 lodd kostar då 25 kroner.
Støtt arbeidet vårt med FATLANDSKOGEN!
10.02.2024
Til toppen