UTANDØRS, MEN LIKEVEL INNANDØRS
Bildet viser prototypen på selskapslokalet vårt. Me skal laga mange fleire slike buer som dette, litt finare kanskje. 
Som du ser kan det dekkast på for inntil 8 personar. Med 8 buer kan det altså dekkast for inntil 64 personar. Er det eit finare selskap vil det sjølvsagt vera duk og pynt på bordet, gjerne også kvite trekk over stolane. 
Plastvindauga kan hektast av om det er fint og varmt i vêret. Er det derimot skikkeleg surt, kan også framsida få eit slikt vindauge. 
Dersom fleire buer blir sette ved sida av kvarandre, kan det lagast langbord inne. Set ein to slike rekkjer med buer mot kvarandre, gjerne med tre meters mellomrom, kan det lagast to langbord, som ser over til kvarandre. Kjømeisteren kan loffa omkring i området mellom.
Buene blir flytta rundt med elektrisk truck, og dei kan på kort tid setjast opp på best mogleg måte i høve til regn og vind. 
Også kjøken, bar og scene blir laga som slike buer. Alt kan plasserast og arrangerast etter som det høver for det aktuelle arrangementet.
Buene lagar me sjølvsagt i trevareverkstaden vår.
21.08.2022
GALLERI
Nedanfor er eit lite galleri som Hildegunn Ruud har laga, av bilde frå 17. mai 2022 og seinare på sommaren. Det viser kor idyllisk eit selskap på GULLHAUG kan vera. Gullbestikk høyrer sjølvsagt med, ikkje minst i eit gullbryllaup.
Tilbake til toppen