PRIVATE ARRANGEMENT I 2024
Inntil me måtte få godkjenning av kommunen til å ha fast toalett på GULLHAUG, kan me ikkje tilby større arrangement her. Men kortvarige seansar i og ved kapellet vil me likevel kunna prøva oss på.
Det skjer ved at du leiger kapellet, inkludert lett servering, for ei tid av maksimum nokre få timar. Me har eit festivaltoalett plassert inne på området, om lag 90 meter frå kapellet.
Skal arrangementet ditt vara lenge, må du ha resten ein annan stad. Me kan hjelpa til med å skaffa lokale. Til dømes ligg Fatland grendahus berre nokre hundre meter unna. Der er det kjøken og dekketøy for 80 personar, stor scene, og to toalett.
09.01.2024
TYPAR AV ARRANGEMENT I OG VED KAPELLET
Kapellet vårt har 8-10 sitjeplassar inne, avhengig av møblering elles. I tillegg kan det lagast til både stolar og bord utanfor. Med veggluka i kapellet open, kan også desse følgja med på det som skjer inne.
Det er "Gullbryllaup på Gullhaug" som er favoritt-tilbodet vårt, sjå nedanfor. Også vanlege bryllaup, sølvbryllaup, barnedåp, og andre mindre seansar kan vera aktuelle. 
Sjå eiga nettside for å leiga kapellet her.
NB! Ver merksam på at dette er eit kapell, ikkje ei kyrkje! Det er difor rom for mange slags aktivitetar her, sidan lokalet ikkje er vigsla. Frå vår side er det eit livssynsnøytralt opplegg. Den enkelte leigetakar kan tilpassa lokalet til eige behov. Krossen oppå taket er laga slik at han enkelt kan demonterast, om det skulle vera eit ønskje.
09.01.2024
GULLBRYLLAUP I MARS?
Kapellet er tenkt brukt berre i sommarhalvåret. På forespørsel godtok me likevel å ha kapellets første gullbryllaup den 10. mars 2023. 
Det viste seg å vera vinterens kaldaste dag, med minus 12 grader utanfor kapellet på føremiddagen. Men med ein liten ekstra varmeomn vart det skikkeleg koseleg inne likevel.
09.01.2024
GALLERI
Nedanfor ser du eit galleri frå arrangementet i mars, med bilde som er laga av Atle Helland, sjå eigen omtale av han. Bilda er publiserte med løyve frå dei personane som er avbilda. 
Klikk på det første bildet, for å forstørra, bruk høgrepil for å gå til neste.
Og bli inspirert!
09.01.2024
Velkomsten
Velkomsten
Inngangen
Inngangen
Talen
Talen
Ektepaktfornyinga
Ektepaktfornyinga
Kysset
Kysset
Brudgommen
Brudgommen
Brura
Brura
Seremoniavslutninga
Seremoniavslutninga
Boblene
Boblene
Gullharpa
Gullharpa
Gulljenta og Gullguten
Gulljenta og Gullguten
Viseverten og brureparet
Viseverten og brureparet
Brureparet I
Brureparet I
Brureparet II
Brureparet II
Brureparet III
Brureparet III
Gjestene
Gjestene
Til toppen