KVA FÅR DU?
Leigeprisen for eit arrangement på maks 4 timar, er kr 6 000,-. Inkludert i denne prisen er då:
- Ferdig pynta og oppvarma kapell, med blomar og gullfarga levande lys, inntil 10 stolar, avhengig av møblering elles.
- Pynta ute rundt kapellet, med blomar, eller med flagg utanom blomstersesongen.
- Brurebilde (send oss fil), oppstilt i gullramme, sjå bildet.
- Brurebukett og matchande lommepynt, tilsvarande dei du ser i galleriet på eiga side om gullbryllaup.
- Gullfarga serveringsvogn med 12 champagneglas, og alkoholfri champagne, sjå galleriet om gullbryllaup. Alkoholhaldig champagne og servering av denne syter du eventuelt for sjølv.
- Enkel servering av kaffi, brus og kake etterpå for inntil 12 personar.
Tilleggstenester kan avtalast, sjå omtale av desse nedanfor.
08.01.2024

Brurebilde av brureparet for 50 år sidan. Mars 2023. Foto Atle Helland.

Torvald ved orgelet i kapellet. August 2023.

MUSIKK
Me kan stilla med musikar (kyrkjeorgel, keyboard, trekkspel, el-flygel). Dette tilbodet må avklarast i kvart tilfelle, også prisen, då det ikkje alltid vil høva for oss. Prisen for musikar er fritatt for mva.
Musikar frå vår side vil normalt vera Torvald Gjerde. Han spelar kyrkjeorgel, trekkspel, flygel og keyboard). 
Alternativt ordnar du musikk sjølv, dersom du treng musikk.
08.01.2024
SITJEPLASSAR UTE
For eit tillegg på 1 200,- kan me stilla opp inntil 60 stolar på stødig plastgolv på plassen utanfor, med utsikt mot kapellet.
Veggluka i kapellet vil vera open, og det er høgtalaranlegg ute, slik at alle kan følgja med på det som skjer inne i kapellet. 
Er vêret dårleg, set me fram buer eller telt, slik at alle får sitja under tak, utan tillegg i prisen.
08.01.2024

Stolar på behageleg solid plastgolv.

Her er det dekka til nasjonaldagsfeiring. Mai 2022.

MØBLERING FOR FESTLEG ARRANGEMENT

Skal du etter seremonien din servera mat til eit større lag, kan me ordna det slik:
For eit tillegg på 900,-, pluss 100,- per person, kan me på plassen utanfor kapellet stilla opp inntil 60 stolar, med bord, på stødig golv, eventuelt med tak over. Sjå eigen omtale nedanfor av buene og møblering av desse.
Veggluka i kapellet vil vera open, og det er høgtalaranlegg ute, slik at alle kan følgja med på det som skjer inne i kapellet. 
Borda er dekka med kvit duk og blomar. Bestikk i gull. Tallerkar i kvit porselen. Serviettar og glas. 
Du syter sjølv for mat og servering, eller me kan ordna med catering. Varighet etter avtale, hugs avgrensa toalett-fasilitetar.
For eit ekstra tillegg på 60,- per person kan du få kvite trekk på alle stolane, med sløyfe (i gull, rosa eller lyseblått) rundt kvar stol. Det skapar ekstra høgtid. 
08.01.2024
OPPDEKNING UTE UNDER TAK
Oppdekning med stolar og bord er under tak, i slike flyttbare buer som du ser på bildet.
Det er plass til eitt bord med 8 sitjeplassar i ei bu. Tek ein bort bordet, er det plass til 12 stolar i konsertmodus.
Plastveggene på sidene kan takast av. Buene kan setjast ved sida av kvarandre, med utsyn mot kapellet eller sola, eller vekk frå vinden, etter behov. Dei kan òg plasserast enkeltvis på fleire stader. Set me dei ved sida av kvarandre, kan det lagast gjennomgåande langbord.
Som du ser av dei to hola nede ved bakken, så bruker me elektrisk truck til å flytta buene med, og møblera plassen slik du ønskjer.
09.01.2024

Ei av mange buer som me kan bruka. Denne er ikkje malt enno. Juli 2022.

Her har Arne rolla som visevert, ein jobb han ikkje ofte tar på seg lenger, av helsemessige grunnar. Foto: Anna Gjerde.

ANDRE TILBOD FRÅ OSS
Berre spør oss, me ordnar det meste. Anten via eigne krefter, eller me får tak i det frå andre.
Hugs at Fatland grendahus er ein ypperleg stad å arrangera festen din etter seremonien i kapellet. Der er du kanskje litt friare enn her hos oss. Du styrer alt sjølv, eventuelt saman med eit cateringfirma. Les meir om grendahuset her.
NB! Me tek atterhald om endringar på kort varsel i ovanståande vilkår. Endringar blir likevel sjølvsagt ikkje gjorde for ein avtale som alt er inngått.
Ta kontakt med ARNE.GJERDE@OUTLOOK.COM, evt på telefon 938 17 200.
08.01.2024
Til toppen