Framsidebildet: Dette området har stått og grine mot oss alle altfor lenge, så det er på tide å få det til å bli det som det er tenkt å bli til. Anna grev i molda, og plantar geranium. Håpet er å få alt her klart før første sommarkonserten.


Kunne du tenkja deg å bli den neste eigaren av dette paradiset, som GULLHAUG og FATLANDSKOGEN er?
GULLHAUG ER TIL SALGS!
Ja, nå vil me selja GULLHAUG og heile FATLANDSKOGEN. Er du interessert i å kjøpa eigedommen vår?
Då må du lesa vidare ...
OM SOMMARKONSERTANE
Programmet for sommarkonsertane i år finn du i plakaten ved sida av her.
Meir detaljert program finn du ved å gå inn på punktet GULLHAUGKONSERTANE i menyen ovanfor, eller ved å klikka her.
10.06.2025
NYT UTSIKTA OG NISTA - REGLAR FOR PUBLIKUM
Når det ikkje er noko arrangement på GULLHAUG, kan publikum fritt gå inn på området innanfor porten. Dette gjeld enkeltpersonar, familiar og smågrupper. Nyt utsikta og nista!
For grupper på 10 personar eller meir, som vil slå seg til her utover det å berre sjå på utsikta, er det nødvendig med avtale. Det kostar 500 kroner for ei gruppe, og du betaler til Vipps 72 44 33. Pengane går til vidare utvikling av NATURSTIEN.
Ta elles omsyn til info som måtte bli gitt på plakatar når du er der.
11.05.2025

KIOSKEN PÅ GULLHAUG
Kiosken på GULLHAUG er stengd det meste av tida, men opnar når det er spesielle grunnar for det.
Vareutvalget vårt kan variera litt, men du kan alltid få kjøpa kaffi, brus, is, kaker og/eller vaflar. Og sjølvsagt pølser. Veldig enkel servering altså. Og alltid lynlotteri, for dei spelegalne.
Har du og gjengen din planlagt ein tur til Gullhaug, og de har lyst på noko å eta? Ta kontakt på førehand, så opnar me kiosken på avtalt tidspunkt, og med avtalt meny. Kontakt Anna (99 24 25 36) eller Arne (938 17 200).
Eventuelt overskot frå kiosksalget går til vidare utvikling av NATURSTIEN og funksjonane i området rundt denne.
11.05.2025